onsdag 6. februar 2019

Lihkku beivvin, Sápmi!


6. februar er Samefolkets dag. Om ein ikkje sjølv er same, kan ein likevel delta i feiringa, og vi bør i alle fall gratulere Sápmi med dagen.

Urfolk Samene er eit urfolk. Det samiske folket bur ikkje berre nord i Noreg, men òg i Sverige og Finland ... det bor også mange samer i Oslo. Det er det mange som ikkje veit.

Lávvu er eit telt samane bruker når dei flyttar rundt.

Joik er samanes folkemusikk. Når nokon framfører ein personjoik, seier vi ikkje at dei joikar om ein person: dei joikar personen. Ein joik kan òg skildre dyr eller fjell for eksempel.

Kofte er namnet på den samiske folkedrakta. Kofta viser kvar ein person kjem frå. Dette ser ein på banda nedst på kofta, på erma og kring halsen. Kofta er både eit kvardagsplagg og eit festplagg.

Komager og skaller er dei tradisjonelle skorne. Ein kjenner dei lett att på skotuppen som stikk opp. Komagane blir brukt om våren, mens skallane er vinterskor.

Biđus er ei suppe med reinkjøt i, og det smakar verkeleg som festmat! Ein skjer reinsdyrsteik i terningar, kokar opp vatn og lagar jamning av kveitemjøl, salt og peppar. Kjøtet skal småkoke i ein halvtime, før ein tilset terningar av gulrøter og potet. Suppa skal så koke i eit kvarters tid. 

(Kjelde: Samer, Sigbjørn Skåden. Oslo: Cappelen Damm)








Kanskje du har lyst til å lese meir om samar?

 Elvesang, Ellen Hofsø

Handlinga er lagt til 1868, og nord i Sverige, i Tornedalen, er det hungersnaud. Kvenejenta Kaarina er femten år, og mora sender ho og broren Daniel til Noreg, i håp om at dei skal få det betre der. Kaarina og Daniel kjem bort frå kvarandre på reisa. Kaarina får det ikkje så bra i Noreg som dei hadde håpa på, og redd og krenka stikk ho i veg, på leit etter Daniel.

Boka blei utgitt i 2017.



Samer, Sigbjørn Skåden (illustrasjonar av Ketil Selnes)
Faktaløve

Mange tenker at dei ikkje kan lese Faktaløver når dei er ferdige med barneskolen, men denne boka er eit unntak. Teikningane er kanskje "barnevennlege", men innhaldet er vaksent nok. Her kan ein lese om trasisjonar og kultur, om språk, historie og om moderne samar.

Boka er midlertidig utselt frå forlaget, så denne må du låne på eit bibliotek.


Lenkesamling




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar