tirsdag 14. november 2017

Twitternoveller og andre noveller

Ei twitternovelle er, rett og slett, ei novelle som er publisert på Twitter. På Twitter må ein nøye seg med 280 teikn per melding (inkludert ordskille, komma og punktum). Det seier seg sjølv at omgrepet 'mikrotekst' passar godt på denne typen tekstar.

Ei novelle er ein (relativt) kort, skjønnlitterær tekst. Det er få personar med, og handlinga er konsentrert rundt ein eller eit fåtal episodar. Noveller starter ofte in medias res (latin: midt i saken), det vil seie at lesaren blir kasta inn i handlinga. Mot slutten av novella kjem vi til eit vendepunkt der handlinga tar ei ny retning, for eksempel ved at hovudpersonen gjer ei oppdaging, lesaren gjer ei oppdaging eller at det skjer ei endring i hovudpersonen. Det er ikkje uvanleg at lesaren må gjette, dikte eller tolke seg fram til kva som skjer og korleis det endar. Det siste kallar vi 'open slutt'.

Mange noveller er skrivne med verkemiddel som vi gjerne finn i dikt. Her kan vere metaforar (samanlikningar utan ordet 'som'), simile (samanlikning), kontrastar, gjentakingar, symbol og alliterasjon (bokstavrim). Dette kan gjere det vanskeleg å forstå når ein les teksten for fyrste gong, men om ein brukar tid på å "knekke dei språklege nøttene", vil ein oppdage kor elegant noveller kan vere skrivne. Mange noveller blir berre betre jo fleire gonger du les dei!

Odda-forfattaren Frode Grytten har skrive ei mengd twitternoveller. Ein periode publiserte han ei ny novelle kvar dag. Søk han opp på nettet, og les nokre! @frodegrytten

Her er fire av mine favorittnoveller (men dei har fleire enn 280 teikn):

  • A. Kielland: "Karen"
  • T. Nedreaas: "Kruttrøyk"
  • S. Dagerman: "Å drepe et barn"
  • T. Jonson: "Liket"
Dette er etter mi meining klassikarar - alle som har gått på skolen i Noreg bør ha fått gleda av å jobbe seg gjennom desse tekstane. Dei har det til felles at sjølv om det er ei god stund sidan dei blei skrivne, tar dei opp tema som er like aktuelle i vår tid, som den gong dei blei utgivne. I tillegg vil den som held ut (og får hjelp av ein god norsklærar) kunne fryde seg over formuleringar som er så finurlege at ein kan få frysningar. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar