torsdag 15. april 2021

REPOST: Viss du berre skal lese ei bok i år ...

 ... bør du ta deg kraftig saman!


Gode grunnar til å lese:


  • Hyggeleg tidsfordriv
  • Kan vere nervepirrande spennande (har du prøvd å sitte åleine på ei halvmørk hytte og lese ein nifs roman?)
  • Noko å halde på med mens du ventar på bussen eller på flyet
  • Viss du vil vere litt i fred, kan du seie at du les og ikkje må bli forstyrra - foreldre masar sjeldan på lesande ungdomar
  • Fantasiflukt
  • Du får innsikt i andre sine tankar og kjensler
  • Du trimmar hjernen
  • Viss du har lese ei god bok, har du alltid noko å prate med andre om
  • Viss du les mykje, og spesielt om du blir lesen for som liten, vil du trene opp evna til å sjå at skriftleg og munnleg språk ikkje er det same. Dette er nyttig når du skal skrive sjølv.


"Eg finn ingen bøker eg liker"


Høyrest dette ut som deg? Du vil finne ei som passar for deg om du er berre er uthaldande og samarbeidsvilleg. Her er nokre tips til deg som jaktar på den rette:
  • Snakk med ein bibliotekar! Dei er trente på å ha små intervju med folk som deg. Dei spør kanskje om kva for interessar du har, kva for tema som interesserer deg, kor avanserte bøkene skal vere og så vidare
  • Kva slags filmar liker du? Prøv å forklare dette for ein bibliotekar, og dei vil garantert finne ei bok som kan passe
  • Snakk med nokon i klassen: Kva les dei, kva for bøker anbefaler dei og kvifor? Jamnaldrande er ofte like gode på å rettleie som ein vaksen
  • Bruk txt-aksjonens tekstsamlingar (antologiar): Les litt om dei ulike bøkene og plukk ut nokre som ser greie ut. Les utdraget. Kanskje du får lyst til å lese heile boka?
  • Les bloggar om bøker!

Knyttnevetesten
Når du har funne fram til ei bok (eller fleire) som du vurderer å lese, kan det vere greit å ta ein kjapp sjekk på om ho er passe vanskeleg. Ein enkel måte å gjere dette på er ved å lese fyrste side i boka mens du held ein knyttneve opp. Kjem du til eit ord som var vanskeleg eller som du ikkje forsto, tar du opp ein finger. Dersom du har alle fem fingrane i vêret etter ei side, kan du vurdere å ta ei anna bok. Viss du likte det du las, kan det godt vere dette er ei passande bok for deg!

God bok!

tirsdag 16. februar 2021

Repost: Kvar finn du informasjon om forfattarar?

 Mange elevar skriv oppgåver om ulike barne- og ungdomsforfattarar, og då vil dei vite noko om forfattaren. Mange (dei fleste?) forfattarar har eigne heimesider, og dei får nok ofte spørsmål frå elevar. Som ein ekstraservice til elevar, har dei laga ei side kalla "Vanlege spørsmål". Her får du som regel svar på kvar forfattaren kjem frå, prisar forfattaren har fått og mykje meir.


Skilnaden på biografi og bibliografi
Ein biografi er ein tekst som handlar om livet til ein person. Ein bibliografi er ei liste over kva for bøker ein person har gitt ut. - Og det kan vere greit å få med informasjon om begge delar i ei forfattaroppgåve.

Skilnaden på "om forfattaren" og "om forfattarskapet"
Skal ein skrive om forfattaren, skal ein skrive ein biografi, men om oppgåva er å skrive om eit forfattarskap, må ein gjerne ta utgangspunkt i bibliografien. Forfattarskapet handlar om tekstane ein forfattar har skrive. Kva type tekstar er det snakk om (dikt, romanar, noveller eller anna)? Kven er målgruppa (barn, ungdommar, vaksne?) Kva type bøker er det snakk om (krim og spaning, grøss og gru, kjærleik og forelsking, krig og fred ...)? Samarbeider forfattaren med ein annan forfattar eller med ein illustratør? Skriv forfattaren serier?

Her er ei liste over eit utval forfattar-sider:
Nokre forfattarar er aktive på sosiale medier: