torsdag 15. april 2021

REPOST: Viss du berre skal lese ei bok i år ...

 ... bør du ta deg kraftig saman!


Gode grunnar til å lese:


  • Hyggeleg tidsfordriv
  • Kan vere nervepirrande spennande (har du prøvd å sitte åleine på ei halvmørk hytte og lese ein nifs roman?)
  • Noko å halde på med mens du ventar på bussen eller på flyet
  • Viss du vil vere litt i fred, kan du seie at du les og ikkje må bli forstyrra - foreldre masar sjeldan på lesande ungdomar
  • Fantasiflukt
  • Du får innsikt i andre sine tankar og kjensler
  • Du trimmar hjernen
  • Viss du har lese ei god bok, har du alltid noko å prate med andre om
  • Viss du les mykje, og spesielt om du blir lesen for som liten, vil du trene opp evna til å sjå at skriftleg og munnleg språk ikkje er det same. Dette er nyttig når du skal skrive sjølv.


"Eg finn ingen bøker eg liker"


Høyrest dette ut som deg? Du vil finne ei som passar for deg om du er berre er uthaldande og samarbeidsvilleg. Her er nokre tips til deg som jaktar på den rette:
  • Snakk med ein bibliotekar! Dei er trente på å ha små intervju med folk som deg. Dei spør kanskje om kva for interessar du har, kva for tema som interesserer deg, kor avanserte bøkene skal vere og så vidare
  • Kva slags filmar liker du? Prøv å forklare dette for ein bibliotekar, og dei vil garantert finne ei bok som kan passe
  • Snakk med nokon i klassen: Kva les dei, kva for bøker anbefaler dei og kvifor? Jamnaldrande er ofte like gode på å rettleie som ein vaksen
  • Bruk txt-aksjonens tekstsamlingar (antologiar): Les litt om dei ulike bøkene og plukk ut nokre som ser greie ut. Les utdraget. Kanskje du får lyst til å lese heile boka?
  • Les bloggar om bøker!

Knyttnevetesten
Når du har funne fram til ei bok (eller fleire) som du vurderer å lese, kan det vere greit å ta ein kjapp sjekk på om ho er passe vanskeleg. Ein enkel måte å gjere dette på er ved å lese fyrste side i boka mens du held ein knyttneve opp. Kjem du til eit ord som var vanskeleg eller som du ikkje forsto, tar du opp ein finger. Dersom du har alle fem fingrane i vêret etter ei side, kan du vurdere å ta ei anna bok. Viss du likte det du las, kan det godt vere dette er ei passande bok for deg!

God bok!