Kva er god litteratur?

I dag har klassen min og eg snakka om kva god litteratur er. Vi var samde om at det måtte vere ei god historie, gode person- og miljøskildringar, godt språk og så måtte det skje noko. Vi var også einige om at lesarar er ulike og at det ein lesar oppfattar som godt språk, kan bli oppfatta som kjedeleg eller for krevande av ein annan lesar.

For at ein tekst skal kunne reknast som ein klassikar, må han vere allmenngyldig, universell og aktuell, meiner vi.

I haust har vi lese to noveller som kan reknast som klassikarar: "Karen" av Alexander Kielland og "Karens jul" av Amalie Skram. Spesielt "Karens jul" er blitt smerteleg aktuell i 2015; kva gjer ein med folk som ikkje har ein stad å bo? Er det ei løysing på problemet å nekte folk å bo til dømes i ei kondemnert rønne, under ei bru eller i eit skogholt? Er det rett å nekte folk å tigge?  God litteratur opnar opp for viktige diskusjonar om samfunnet vi lever i - her og no. Som litteraturkritikaren Georg Brandes sa: Problem blir sett under debatt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar