torsdag 22. mars 2018

Påskekrim på skolebiblioteket

Det går mot påskeferie med raske steg. Her til lands har vi ein litt spesiell tradisjon; nemleg påskekrim. Vi ser påskekrim på fjernsynet, vi les haugevis av krimbøker, ja, til og med på mjølkekartongane har vi lese krim-teikneseriar dei siste åra.

Det er ikkje så godt å seie sikkert kvifor denne kriminteressen er så tett knytta opp til påsken. Somme meiner at det er ei kopling til det kristne "påskemysteriet". Eit mysterium er jo ei gåte, noko ein ikkje kan forklare logisk - i alle fall ikkje ved første augekast - og slik er jo ei kriminalgåte også. I Bibelen kan ein lese om eit drap som skjer i påsketida. Kanskje er dette grunnen; eit fasitsvar får vi nok aldri.

Anten det no er sånn eller slik det heng saman, kan du som er elev (eller tilsett) ved Sola ungdomsskole låne med deg ei krimbok på skolebiblioteket! Her er sett fram bøker med ulik vanskegrad, med vaksne i hovudrolla, og med ungdomar i hovudrolla.

GOD BOK - OG GOD PÅSKE! 🐔

torsdag 8. mars 2018

#kvinnedagen

Lesing kan provosere.
Lesing kan inspirere.
Lesing kan engasjere.
Lesing kan underhalde.
Lesing kan få deg til å tenke.
Lesing kan få deg til å gruble.
Lesing kan gi deg ro i sjela.
Lesing kan gi deg uro i sjela.


Det blir sagt at lesing utviklar hjernen.
Det blir sagt at lesing kan lære deg empati.
Det blir sagt at lesing kan få deg til å forstå kvifor andre tenker og handlar annleis enn deg.
Det blir sagt at det finnes ei bok for alle, viss du berre leiter godt nok.


Tør du ta sjansen på å ikkje lese?



torsdag 1. februar 2018

Spennande ungdomsserie på nynorsk

Rett som det er, kjem det elevar på skolebiblioteket og spør etter bøker skrivne på eller omsette til nynorsk. Dei innser at dei treng hjelp til å skrive nynorsk, og læraren har sendt dei av garde for å finne lesestoff. Eg er av den grunn alltid på jakt etter spennande, morosame, engasjerande, lettlesne, godt skrivne bøker på nynorsk.

Kva skal så til for at ei bok skal vere spennande? Det ein liker, appellerer kanskje ikkje til ein annan, eller sagt på ein annan måte: Smaken er som baken; delt. Men eg kan ikkje gi opp leitinga av den grunn!

Denne veka har eg fylt ei hylle med dei ti bøkene i CHERUB-serien til Robert Muchamore som er omsette til nynorsk. Eg kjenner fleire som har lese heile serien, og dei meiner bøkene er engasjerande, spennande, litt humoristiske i bland, lettlesne og i tillegg er dei altså omsette til god nynorsk. Viss du ikkje er heilt overtydd, kan du lese den grafiske romanen (teikneserieromanen) som byggjer på den første boka i serien: "Rekrutten". Og om du ikkje får nok med dei ti første bøkene i serien, kan du jo prøve deg på dei siste bøkene, på engelsk.

GOD BOK!